Mademosielle in Odd Nordstoga

Songtexte Mademosielle in Odd Nordstoga

Mademosielle
Mademosielle

Ein seng står langsmed veggen her. Den kaupte eg i Bergen då eg budde der.
Hyllene tre står på kvar sin stad med tome permar og lause blad.
Telefonen har gjeve med mange svar. Og pulten den står på, har eg fått av far.
På veggen mot aust heng eit måleri av eit tun eg faktisk har leika i.
Eg har gitaren min i ein krok. Den har skuld i nokra val eg tok.
Me har vor'ute så mang ei gong. Eg trur at i kveld så skal me ta ein song
Så kjære mademoiselle, du treng 'kje kom' til meg i kveld.

Over meg har eg nok himmelen, men dette er ikkje ein dag for den.
I dag har eg lukka i lomma mi. Det er himmel nok viss ho berre blir.
I meg ein flik av ei sjeldan ro. Veit ikkje kvifor ho kom hit no.
Men rundt meg mi dagbok i tusen ting som tek hugen med på ein liten sving.

Og bortmed veggen ein trefigur eg kaupte då eg var på Afrikatur.
Den har eg drege med like hit, eg trur at ein dag så dreg den meg dit.
Så kjære mademoiselle, du tren 'kje kom' te meg i kveld.

falsches video?